fredag 31. oktober 2008
min nye blogg!
Treng tips frå dykk til korlei eg skal fikse bloggen. Håpar på å sjå dykk på den nye bloggen!
onsdag 29. oktober 2008
Guro HJARTE Gospelmusikk
Gospelmusikk er så vakkert. Elskar når mange folk syng ilag, og dei går høgre og høgre opp i tonar. Då sit eg ein følelse som kan minne meg om forelskelse, og frysningar over heile kroppen. Ja, eg er forelska i gospelmusikk. Har eg forresten nemt at eg elskar å synge? trur ikkje eg har sagt noko om det til dykk, men det gjer eg altso.
Berre høyr dinne songen som Maria sendte til meg.
Høyr den! du kjem ikkje til å angre.
Har forresten bytta til blogg.no. Men er ikkje heilt fornøgd med utsjånaden enda, så eg vert her ei stond til. Adressa kjem når eg er ferdig (nb. kan ta si tid)
laurdag 25. oktober 2008
Innrømmelse nr.1
Det er med tongt hjarte og broten sjølvretspekt eg seiar disse ord. All dykkar tillitt og forventningar, til inga nytte. Her går eg altså hen og sviktar meg sjølv. Eg har ein innrømmelse å kome med til dykk. (dramatisk tenkjepause)
ja, eg gjor det pineligaste av alle pinelige tinga. Eg såg high school musical 3 på kino..
Maria skulle absolutt sjå den, så eg måtte nesten vere med ne. Sida eg er støttekontakta hennar og fordi ho aldri hadde klart det utan meg. Endte med at eg, Maria, Mia og Camilla for ilag.
Men altso for å konkludere i om kinoturen var verdt det eller ikkje så gjer eg meg opp ei plus og minus liste:
+
* Kinomannen var kjempe søt/kjekk.
* Kinotur med Mia ved sidan av meg kan aldri bli kjedelig. Verdens herligaste jente og den aller teitaste.
* Godteri er jo alltids eit pluss.
* Corbin blur(som han visst nok heiter) sjarmerte meg i senk.
* Den første sangen var ganske fengande. Now or never heitar den visst.
-
* Det er så ufatteleg irriterande når dei bryjar å synge! (tel som 2 minus)
* Veldig forutsigbart kva som kjem til å skje.
* Alt er jo så urrealistisk! men, det er jo disney.
Vil ikkje anbefale nokon å sjå filmen, men er du ei fortapt sjel så er du ei fortapt sjel.
måndag 20. oktober 2008

Då eg gjekk heimatt frå skulen regna det. Nei veit, å sei at det regna beskrive ikkje det i det heile. Det pøsregna. Ein 1,5 km tur heim, føltest som å få eit heilt badebasseng tømt over haudet. Over driving? nei, egentlig ikkje. Var heilt kliss våt då eg kom heim. Men det gjer det i hvertfall kjekt å kome heim, for å sjå det frå den positive sida.
Regn er ikkje kjekt, men det er prisen ein må betale for å få gleda av å bo på sunnmøre, og den betalar eg gledelig.
Alt i alt, så er jo regn ganske grett. Det betyr at det byrjar å bli kaldare og vinteren kjem snart. mm.. snowboard, skitrekk, slalom ahh! Følelsen av å renne bakken, på skitrekket, og kjenne kulda i ansiktet og adreanalinet som sprenger i meg. Herlig. Det er ordet.
"Rain rain go away,
Come again another day,
All the world is waiting for the sun."
Eller i mitt tilfelle vinteren.
laurdag 18. oktober 2008
Foto: flickr.com
Nynorsk VS. Bokmål!
Nynorsk VS. Bokmål
Idag har klassa vore på Ivar Aasen-tunet å høyrt eit føredrag om nynorsk og dialektar. Det er kanskje ikkje alle som veit kva Ivar Aasen-tunet er men det er altså eit museum som handlar om nynorsk og Ivar Aasen. Satsar på at alle veit kven Ivar Aasen er, håpar i hvertfall det. Eller så blir eg litt skeptisk. Her står det i sofall litt om han
I hvertfall så lærte vi om dei forskjellige dialektene og korleis språket vort blir påvirka av engelsk. Det var front personen i «Sidebrok» som holdt foredrag, og ein til mann. Han fortalde om at han brann for nynork, og at han alltid vart spurd om kvifor han rapar på nynorsk. «Ej rappakje på nynorsk, EJ RAPPA PÅ DIALEKT.» Så sant så sant.
Mange trur at språket vi på sunnmøre snakkar er nynorsk.Men det er heilt feil, fordi vi snakkar dialekt å skriv nynorsk. Sidan nynorsk er eit målføre blir det heilt feil å sei at: «sunnmøringer snakker nynorsk»

Det er så utruleg mange meiningar om nynorsk. Brukar av og til å gå inn på grupper mot nynorsk på nettby. Tildømes: Nynorsk..!! HVA I HÆLVETE SKA VI MED NYNORSK!!???? og kikar på diskusjonane. Veldig mange sei ting som: «" Hva i svartest er vitsen med å lære ny-norsk da? HALLO LISM, det er jo ingen som bruker det så vidt. DEt er jo bare på sunnmøre og slikt, der folk snakker det. Hallo, hvorfor skal vi lære oss det lism?" EG SPRYR. Eg tullar ikkje, kvar gong eg les slikt, dør noko inn i meg.
For alle dei som er litt forvira der ute:
- NYNORSK, i eit ord, er eit skriftsspråk. Altså eit språk du skriv, ikkje snakkar.
- Nynorsk er vakkert. Kva som er best av nynorsk og bokmål er ein smaksak. Men nynorsk er vakker. Ingen tvil i det.
- Nynorsk brukarar må også lære bokmål som sidemål. Så ingen grunn til å syns synd på seg sjølv.
Det er så mykje eg kunne ha sagt, men eg trur vi sei at dette er nok for idag. Meir kjem i seinare innlegg.
No er eg veldig interessert i å vite kva du synst om saka!

NOTABENE :
Nynorsk er her for å bli. Uansett kor mykje folk klaga og syte. Nynorsk fær ingen plass..
torsdag 16. oktober 2008
Vi kan alle gjer ein forskjell!
Vi kan alle gjer ein forskjell!
Nå i disse tider er det mykje fokus på miljø. Aviser skriv om det, politikarane snakkar om det og folk er redde, men de fleste er handlingslamma. Klimakrisa vil kome uansett kva vi gjer, det einaste vi kan gjere er å forskyve den lengre fram i tid. Viss alle på jorda skulle gjort det same som oss i Norge, og slept ut like mykje klimagassar og forurensing hadde vi tronge tre jordklodar! Derfor er det viktig at alle prøvar å forbetre seg. Nedanfor har eg skreve opp nokre enkle ting som vi alle kan prøve å gjer for å redde miljøet
Redusere innetempraturen til 20 celcius.
Slå av datamaskina slik den ikkje står på heile døgnet.
Ikkje vaske klede på halvfull maskin.
Tett at for trekken rundt dører og vindaug.
Lat att dører mellom kalde og varme rom.
Monter termostat til å styre temperaturen i huset.
Skru ned tempraturen om natta.
Dusje i staden for å bade.
- Skru av lyset når du går ut av eit rom.
Skifte til sparedusj.
Slå av lyset om natta.
Skifte til sparepære.
Ikkje ta imot plastnett når du er på matbutikken, men ta med eit handlenett som kan brukast opp igjen og opp igjen.
Ta ut laddara frå stikkontakta når mobilen/ipoden er ferdig ladda. Sjølv om den ikkje er i bruk, brukar den straum.
Ta med ei stor veske når du er på shopping. Å ta heller kleda du kjøper opp i veska i staden for å ta i mot handlenett.
Ta heller sykkelen istadan for å kjøre bil på korte avstandar.
Benytt deg av kollektiv transport.
Eg skal ikkje kome her å sei at eg gjer alt det som står på lista, men eg prøvar. Og det er det viktigaste. Når du tenker på kor stor påvirkning små ting du gjer i kvardagen, har på miljøet, så tapar du ikkje noko på å til dømes dusje litt raskare.
(Fann dinne videon på toroborgen. Tilfeldig at vi begge skreiv om klimakrisa, delvis i hvertfall)
Har du nokre andre tips for å passe på miljøet?